Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Kings 4

:
Norwegian - NO1978NN
1 Salomo var konge over heile Israel.
2 Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest;
3 Elihoref og Akia, sønene til Sjisja, var riksskrivarar; Josjafat, son til Akilud, var kanslar;
4 Benaja, son til Jojada, var hærførar; Sadok og Abjatar var prestar;
5 Asarja, son til Natan, var hovding over futane; Sabud, son til Natan, var kongsven;
6 Akisjar var slottshovding; Adoniram, son til Abda, hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid.
7 Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.
8 Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet;
9 son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10 son til Hesed, i Arubbot han hadde Soko og heile Hefer-bygda;
11 son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet han var gift med Tafat, dotter til Salomo;
12 Ba’ana, son til Akilud, hadde Ta’anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre’el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;
13 son til Geber i Ramot i Gilead han hadde teltbyane åt Ja’ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;
14 Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15 Akima’as hadde Naftali han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16 Ba’ana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17 Josjafat, son til Paruak, i Jissakar;
18 Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19 Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt; dessutan var det ein fut i Juda.
20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden havsens strand. Dei åt og drakk og var glade.
21 Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han lenge han levde.
22 Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl,
23 ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.
24 Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred alle kantar.
25 I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre lenge Salomo levde.
26 Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar.
27 Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta noko.
28 Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.
29 Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden havsens strand.
30 Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og egyptarane.
31 Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring.
32 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.
33 Han tala om trea, frå sederen Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.
34 Frå alle land kom det folk og ville høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar jorda som hadde høyrt om visdomen hans.